1. |
Nauden
06:24
|
|||
Nauden
Uår i år igjen
Kald vinter i vente
Dei legg seg svoltne i kveld
Med stein til pute vil dei aldri vakne
Vil dei aldri vakne igjen
Fuglane syng ikkje meir
Dei fell frå himmelen i mangfald
Elvane livlause
Markja lagt bar
For evig, evig vinter
Dauden regjera
Det verkar i marg og bein
Skuggane lange
Sprer seg som kreft
Det demrar, det lysnar
Dei vaknar frå søvnen
Frå den dunkle jord
I håp om ein ny vår
Og aldri fleire uår
Vil spira, frå jorda gro
Frå jorda gro
|
||||
2. |
Eit siste ynskje
04:42
|
|||
Eit siste ynskje
Arva og ettermæle
Vil nokon hugse meg?
Vil namnet mitt stå i stein,
Eller gløymt av alle og einkvar?
Å vere meiningslaus
Stikk ein kniv i meg
Vrir han sakte rundt
I hjartet mitt
Er alt av meg utan verdi?
Mon tru kva står
Om hundre år
Mi gjerning må minnast
Mi gjerning skal heidrast
Vil ikkje forsvinne i gløymselen
Vil namnet mitt stå i stein,
Eller gløymt av alle og einkvar?
Eit ynskje om eit evig liv
Målet må rekkjast, det er no det må skje
Så lenge nokon hugsar meg for den eg ein gong var
Vil mitt liv ha hatt ei meining
Før mi siste ferd
|
||||
3. |
Orkja brotna
03:40
|
|||
Orkja brotna
Sjeledrap
Druknar i stygg moral
Steinras buldrar
Røter, jord og kampestein stor
Alt kjem ned i ein storm
Folk og fe røymde til fjellet
Med flaumen i helane
I håp om å leve
Orkja brotna, markja flotna
Sjå himmelen fell
Orkja brotna, kroppar rotna
Desperasjon
Orkja brotna, verda flotna
Sola går bak åsen ned
Bølga velta, vaska vekk
Som om ingenting har skjedd
Ingenting står
Alt forgår
|
||||
4. |
Hausten
06:04
|
|||
Hausten
Hausten er komen
Alt visnar, alt verkar
Dei beste dagar er forbi
Forbi
Det går berre ein veg no
Alt vert tyngre, alt er jævlig
Kor blei det av all tida
Kor blei det av alle dei du holdt kjær
Du føler deg meir og meir åleine
Fortapt i deg sjølv
Det var den draumen du bar på
Det er ingen veg tilbake no
Lengtar tilbake
Saknar dei som var der for deg
Du har stengt dei ute
Du har stengt deg inne
Hausten er komen
Komen for å bli
Du legg deg ned og ynskjer deg
Ynskjer deg fri frå livet
Det var ikkje sånn det skulle vere
Ein eremitt, ein misantrop
Fanga i ditt eige sinn
Du er i hausten av ditt liv
Ser vinteren kome
Alt visnar, alt verkar
Du lengtar etter å bli fri
|
||||
5. |
Sirkel
05:20
|
|||
Sirkel
Ei kiste blir senka ned i ei grav
Du lev vidare i dei som står rundt
Ein annan stad i verda
Vert eit barn født med dine auge
Hjulet som spinn
Gleda, elendigheita
Mine forfedre song samme songen
Om og om igjen
Mine forfedre song samme songen
Frå jord er du komen
Til jord skal du bli
Ormen bit seg sjølv i halen
Frå oska flyr eldfugl
Fugl føniks født på ny
Hjulet held fram med å gå rundt
Frå jord er du komen
Til jord skal du bli
Ormen bit seg sjølv i halen
|
||||
6. |
Vatnet blir til blod
03:08
|
|||
Vatnet blir til blod
Det lir mot slutten, du ber til din gud
Du får ikkje svar enn kor høgt du skrik
Du er fortapt, har ingen ved di side
Du gir opp og legg deg ned
Du står med to bein i grava
Spedalske faen, du er stygg som dagen er lang
Du er svolten og tørst
Men du får aldri nok
Vatnet blir til blod og stig mot sola
Himmelen fell og alt blir mørkt
Torden og flammar kjem frå himmelen ned
Det regnar oske som svir mot din hud
Ein sverm av elendigheit. Bonden er død
Lufta du puster kvelar deg
Ein himmel tom for stjerner
Daudt hav så langt du ser
Med vilje til å knuse
Alt håp på vår jord
Vatnet blir til blod og stig mot sola
Himmelen fell og alt blir mørkt
Vatnet blir til blod og stig mot sola
Himmelen fell og alt blir svart
|
||||
7. |
Ishjarte
09:00
|
|||
Ishjarte
Frå mørke jord vaknar alt til live
Frå før til no har ugraset grodd
Kor var du då, der all ting skjedde?
Kor var du då, der alt gjekk gale?
Overtru og uviten
Frendar og uvener
Dei få skil seg frå resten
Eit uhyre reiser seg i vesten
Ta i eit tak
Alle som ein
O solidaritet
Ta i eit tak
Alle som ein
Vi ber børa saman
I våre kalde hjarta
I den siste time
Snur dei ryggen til sin neste
Eit jævla ego
Har vi blitt kaldare?
Vi visar våre sanne ansikt i dommens time
Gir faen i alt og alle
Heng deg sjølv frå eikegrein
Miskunn
I våre kalde hjarta
Du snur din rygg mot alle
Skam vere med deg
O vene syster
sterke bror
alt det vonde byrjar som ord
O min far
Mi mor
alt det vonde byrjar som ord
|
Streaming and Download help
If you like Nifrost, you may also like:
Bandcamp Daily your guide to the world of Bandcamp