We’ve updated our Terms of Use to reflect our new entity name and address. You can review the changes here.
We’ve updated our Terms of Use. You can review the changes here.

Orkja

by Nifrost

/
  • Streaming + Download

    Includes unlimited streaming via the free Bandcamp app, plus high-quality download in MP3, FLAC and more.

      80 NOK  or more

     

  • Compact Disc (CD) + Digital Album

    Includes unlimited streaming of Orkja via the free Bandcamp app, plus high-quality download in MP3, FLAC and more.
    ships out within 5 days

      150 NOK or more 

     

1.
Nauden 06:24
Nauden Uår i år igjen Kald vinter i vente Dei legg seg svoltne i kveld Med stein til pute vil dei aldri vakne Vil dei aldri vakne igjen Fuglane syng ikkje meir Dei fell frå himmelen i mangfald Elvane livlause Markja lagt bar For evig, evig vinter Dauden regjera Det verkar i marg og bein Skuggane lange Sprer seg som kreft Det demrar, det lysnar Dei vaknar frå søvnen Frå den dunkle jord I håp om ein ny vår Og aldri fleire uår Vil spira, frå jorda gro Frå jorda gro
2.
Eit siste ynskje Arva og ettermæle Vil nokon hugse meg? Vil namnet mitt stå i stein, Eller gløymt av alle og einkvar? Å vere meiningslaus Stikk ein kniv i meg Vrir han sakte rundt I hjartet mitt Er alt av meg utan verdi? Mon tru kva står Om hundre år Mi gjerning må minnast Mi gjerning skal heidrast Vil ikkje forsvinne i gløymselen Vil namnet mitt stå i stein, Eller gløymt av alle og einkvar? Eit ynskje om eit evig liv Målet må rekkjast, det er no det må skje Så lenge nokon hugsar meg for den eg ein gong var Vil mitt liv ha hatt ei meining Før mi siste ferd
3.
Orkja brotna 03:40
Orkja brotna Sjeledrap Druknar i stygg moral Steinras buldrar Røter, jord og kampestein stor Alt kjem ned i ein storm Folk og fe røymde til fjellet Med flaumen i helane I håp om å leve Orkja brotna, markja flotna Sjå himmelen fell Orkja brotna, kroppar rotna Desperasjon Orkja brotna, verda flotna Sola går bak åsen ned Bølga velta, vaska vekk Som om ingenting har skjedd Ingenting står Alt forgår
4.
Hausten 06:04
Hausten Hausten er komen Alt visnar, alt verkar Dei beste dagar er forbi Forbi Det går berre ein veg no Alt vert tyngre, alt er jævlig Kor blei det av all tida Kor blei det av alle dei du holdt kjær Du føler deg meir og meir åleine Fortapt i deg sjølv Det var den draumen du bar på Det er ingen veg tilbake no Lengtar tilbake Saknar dei som var der for deg Du har stengt dei ute Du har stengt deg inne Hausten er komen Komen for å bli Du legg deg ned og ynskjer deg Ynskjer deg fri frå livet Det var ikkje sånn det skulle vere Ein eremitt, ein misantrop Fanga i ditt eige sinn Du er i hausten av ditt liv Ser vinteren kome Alt visnar, alt verkar Du lengtar etter å bli fri
5.
Sirkel 05:20
Sirkel Ei kiste blir senka ned i ei grav Du lev vidare i dei som står rundt Ein annan stad i verda Vert eit barn født med dine auge Hjulet som spinn Gleda, elendigheita Mine forfedre song samme songen Om og om igjen Mine forfedre song samme songen Frå jord er du komen Til jord skal du bli Ormen bit seg sjølv i halen Frå oska flyr eldfugl Fugl føniks født på ny Hjulet held fram med å gå rundt Frå jord er du komen Til jord skal du bli Ormen bit seg sjølv i halen
6.
Vatnet blir til blod Det lir mot slutten, du ber til din gud Du får ikkje svar enn kor høgt du skrik Du er fortapt, har ingen ved di side Du gir opp og legg deg ned Du står med to bein i grava Spedalske faen, du er stygg som dagen er lang Du er svolten og tørst Men du får aldri nok Vatnet blir til blod og stig mot sola Himmelen fell og alt blir mørkt Torden og flammar kjem frå himmelen ned Det regnar oske som svir mot din hud Ein sverm av elendigheit. Bonden er død Lufta du puster kvelar deg Ein himmel tom for stjerner Daudt hav så langt du ser Med vilje til å knuse Alt håp på vår jord Vatnet blir til blod og stig mot sola Himmelen fell og alt blir mørkt Vatnet blir til blod og stig mot sola Himmelen fell og alt blir svart
7.
Ishjarte 09:00
Ishjarte Frå mørke jord vaknar alt til live Frå før til no har ugraset grodd Kor var du då, der all ting skjedde? Kor var du då, der alt gjekk gale? Overtru og uviten Frendar og uvener Dei få skil seg frå resten Eit uhyre reiser seg i vesten Ta i eit tak Alle som ein O solidaritet Ta i eit tak Alle som ein Vi ber børa saman I våre kalde hjarta I den siste time Snur dei ryggen til sin neste Eit jævla ego Har vi blitt kaldare? Vi visar våre sanne ansikt i dommens time Gir faen i alt og alle Heng deg sjølv frå eikegrein Miskunn I våre kalde hjarta Du snur din rygg mot alle Skam vere med deg O vene syster sterke bror alt det vonde byrjar som ord O min far Mi mor alt det vonde byrjar som ord

credits

released June 25, 2021

license

all rights reserved

tags

about

Nifrost Bergen, Norway

contact / help

Contact Nifrost

Streaming and
Download help

Shipping and returns

Redeem code

Report this album or account

If you like Nifrost, you may also like: